Mange på årsmøte i Sogelaget
24/3/2009 19:43
Alt i alt var det 23 frammøtte som i tillegg til årsmøte også fekk høyra eit interessant foredrag av Kaare Skåla frå Kvinnherad, som fortalde om granskingar og fakta om anane til Rosenkrantz slekta og Mowat slekta som mange tysnesingar og kvinnheringar har slekts røter attende til.
Møteleiar under årsmøte handsaminga var Mikal Heldal som las opp årsmeldinga for forsamlinga. Tysnes Sogelag har mykje på gong også i 2009 og vil arrangera turar både lokalt og til nærliggjande historiske stadar.
Leiar i valnemnda Tor Atle Humlevik framførte innstillinga frå valkomiteen på leiar , nytt styremedlem og nytt varamedlem til styret. Jan Økland vart attvalt som leiar med akklamasjon. Magnhild Midtbø sa frå seg attval og nytt medlem av styret vart Marianna Heggland Brungot. Nytta varamedlem til styret for Erling Utne som hadde sagt frå seg attval, vart Kjersti Leite.