Bowling 2.divisjon pulje 1

Publisert av:
25/2/2009 22:00

Først slo dei Umoe Schat Harding 1. I denne kampen fekk Emma Frugård 148, Kjell Brekke 147 og Monica Reimdal 126 i sin første serie. Når dei og spelte ein god andre-serie, måtte Svenn Idar Nordtveit, Randi Bjørge og Anne May Lervåg tåla eit tap.

I sin andre kamp denne veka møtte Triangel Nord Tysnes kommune rådhuset 3. I Emma sitt fråvær spelte spesielt Monica Reimdal godt med pinnefalla 144 og 133. Når så også Ann Sønnøve Forland og Tove Gjerstad spelar godt, måtte kommunelaget sjå seg slått med eit pinnefall på 7. Eit surt tap!

Men best av alle i denne runden var Roald Nesse på Tysnes Kraftlag med 181 og Kari Lande på Tysnes skule med 179.

Den siste kampen vant Tysnes skule med Kari Lande, Arvid Økland og Terje Sløgedal 3 – 0 over Tysnes Kraftlag.