Publisert av: Vegard Aslaksen
18/5/2019 13:45
17. Mai feiring i Tveit Bygdalag
For ei 17.Mai feiring det vart, med eit fantastisk ver og varme me knapt kunne drauma om. Og dei bortimot 50 personane, festkledde i bunad og finstasen som kom på 17.Mai frukosten koste seg med buffeen me hadde stelt istand. Borna som leika seg innimellom brødskivene, god drøs og stemning rundt om på borda og fine tilbakemeldinger på pynting og god mat. Tusen takk til dei som kom på 17.Mai frukosten og til dei som har stått på under tillaging og rydding etterpå.
Helsing Tveit Bygdelag
Tekst og foto: Rebekka Høgestøl