10CC perform on the last day of Barclaycard British Summer Time Festival in Hyde Park,London on 13th July 2014.

10CC til Tysnesfest

Publisert av: Vegard Aslaksen
24/4/2019 20:00

Billettsalet går som det susar om dagen! Me har aldri selt så mykje billettar pr. 24. april til nokon anna festival i historia. Me er langt frå ferdige med å sleppa artistar og aktivitetar til Tysnesfest 2019, og her kjem ein skikkeleg godbit som me veit mange vil setja pris på, skriv Øystein Vaage i ei pressemelding.

10CC er klare for Tysnesfest.

10CC starta i 1972, og er eit av få band som har klart kunststykket å oppnå suksess både blant publikum, musikarar og anmeldarar. Deiras mest kjende låtar «I’m Not In Love», «Dreadlock Holiday», «Rubber Bullets», «The Things We Do For Love», «Donna» og «The Wall Street Shuffle» går framleis med høg rotasjon på norske radiokanalar.

10CC stiller seg i rekkja med innflytelsesrike band som toppa hitlistene på 70-talet, og med eit platesal som har bikka 30 millionar på verdensbasis har dei kompromisslause musikarane bana sin eigen veg i ein jungel av ein bransje.

Me gler oss stort til å ta imot dei på Gjerstad Arena fredag 12. juli 2019!

 

Til no ser bookinglista slik ut:

Broiler, Matoma, AURORA, LIND+NILSEN+FUENTES+HOLM, Åge & Sambandet, DDE, Rotlaus, Staut, 10CC(UK), Skambankt, DJ Axillar, Ina Wroldsen, Kriminell Kunst, Kjartan Lauritzen, Ausekarane, Naboen Min, Finn Schjøll, Helge Jordal, Marthe Wang