Tippeligaen på ein ny måte
19/2/2009 16:39
Alle Tippeligakampane til Altibox-kundar
Altibox-kundane får det beste tv-tilbodet for norsk toppfotball nokon sinne. Alle dei 240 tippeligakampene og 30 kamper frå Adeccoligaen vil verta overført på Altibox-portalen. Altibox er einaste rettigheitshavar som kan levera all norsk toppfotball på tv.
For fotballsesongen 2009 får alle tv-basiskundar tilgang til norsk toppfotball utan endringar i prisen. Altibox-kundene kan på den måten gleda seg til å sjå alle Tippeligakampene og alle tv-produserte kampar frå Adeccoligaen. Frå 2010 sesongen vert det endå meir, då kjem også alle landskampane, cupen og kampar frå kvinnenes Toppserie på tv frå Altibox.
Kampene på TV
Tippeligaen:
Laurdag: 1 kamp vert sendt på NRK mellom kl 1600 – 2000.
Søndag: 5 kampar i hovedrunden vert sendt på tv frå Altibox eller på web-tv kl 1800. Ein kamp vert sendt på TV2 kl. 2000.
Mandag: Ein kamp vert sendt på TV2 Zebra kl 1900.
I tillegg vil kampane som vert vist på NRK og TV2 også vera tilgjengelege i Altibox si fotballøysing.
Adeccoligaen:
Laurdagar sendar NRK ein kamp pr. serierunde frå Adeccoligaen. Denne vil også visast i Altibox si fotballøysing.
Toppserien, Cupen (NM) og Landskampar:
Kampar frå desse arrangementa vil verta tilgjengelege i Altibox si fotballøysing frå sesongen 2010. Dei vil for sesongen 2009 visast av inneverande rettigheitshavarar.
Andre kampar
Dersom fleire kampar frå norsk toppfotball vert produsert enn dei som er nemnd ovanfor, vil desse også vera tilgjengelege i Altibox sin fotballøysing gjennom heile avtaleperioden.
Kundar av fotballøysinga frå Altibox vil få 6 nye kanalar med alle norske toppfotballkampar i kanalrekka si. For å velga mellom desse byter du kanal på vanleg måte ved hjelp av fjernkontrollen. Den første kanalen er den som vil verta utgangspunktet for å velja mellom alle nye tenester frå Altibox knytta til fotball. Her finn du en live-oversikt over kampane som vert spela med levande bilete frå alle dei fem kampane samstundes. Dei fem neste viser til ei kvar tid dei kampane som vert spela i Noregs to øvste divisjonar, på det meste 5 samtidige kampar frå hovedrunden i Tippeligaen, søndagar kl. 1800.
I tillegg får du tilgang til ein interaktiv fotballmeny med live tabell, terminliste, høgdepunkt og samandrag, samt bilete og resultatservice i den første kanalen der du kan følgja alle kampene samstundes. Det ligg også eit eige videoarkiv i denne portalen, der du kan sjå kampane i reprise, og dessutan følgja oppsummeringar og høgdepunkt frå dei ulike rundane, eller berre favorittlaga så ofte du sjølv ønskjer.