Bowling 1.divisjon

Publisert av:
19/2/2009 07:56

For 14 dagar sidan vart det spelt 4 kampar i 1. divisjon. I 11. serierunde var det spesielt Windsor som skilte seg ut med heile eit pinnefall på 955. Her var Arild Pettersen på topp med 201, deretter Torbjørn Onarheim med 178 og Øystein Frugård med 169. Sjølv om Triangel Sør med Tove Gjerstad, Ingrid Stue og Marit Leithe også spelte godt, vart det eit klart tap for Windsor.

Steinar Dalland på Tysnes kommune rådhuset 1 spelte også ein særs god kamp med heile 178 og 151 i sine to seriar. Saman med Helge Hauge og Astrid Heldal sikra dei seg ein knepen 2 – 1 siger over Tiko.

Kampen mellom Andersland Bygg 2 og Rex Star Seafood måtte avbrytast grunna tekniske problem med ein bane.

Men Andersland laga ligg framleis på 1. og 2. plass med klar margin