Til topps på Gjøvågsvarden var ingen sak for denne gjengen. Foto: Arvid Berntsen

Spreke pensjonistar på Gjøvågsvarden

Publisert av: May Britt Meland
6/4/2019 21:48

4. april arrangerte RIL (Reksteren Idrettslag) for tredje gong tur for “Gutta på tur” fra Stord – denne gongen var målet for turen “Gjøvågsvarden”.

 

30 spreke pensjonistar frå Stord, Rosendal og Reksteren deltok på turen, eldste deltakar 88 år og snittalder 75+.
-For enkelte nærmar det seg 800 turer, fortel Arvid Berntsen (RIL) til Tysnesingen.no.

 

Etter turen blei det samling på “Gamle Løa” til Anny Gjøvåg. Her vart det servert rømmegraut med spekemat og etterfølgande kaffe og kaker, noko som falt godt i smak hos deltakarane.

Samankomsten blei avslutta på Anny’s gardsmuseum med ein engasjert og kunnskapsrik gjeng.

“Gutta på tur” vil rette ei stor takk til Anny, Anne Wenche, Marit og Jan Harry for innsatsen som bidrog til at dette blei ein vellukka dag.

Alle foto: Arvid Berntsen, RIL