Hotelldrift til sommaren?

Publisert av:
12/2/2009 07:44

Det er Sunnhordland som skriv at Kent AS har planar om å bruka 40 millionar utover vinteren, våren og sommaren, slik at Godøysund Hotell kan koma i drift.

Prinsehytta vil vera ferdig i løpet av denne månaden, og Kent AS er for tida i ferd med å få lagt ein fire kilometer lang ledning frå Tysnesbygda til Godøysund som skal gi nok kapasitet til 1000 personar.

Planen vidare med hotellet omfattar ein del restaurering av noverande hotell, bygging av nokre leiligheiter, kaianlegg med serviceanlegg og diverse andre ting.

Seniorrådgjevar Eric Evenson i Kent AS har ein del tankar om turisme på Tysnes, og ynskjer seg eit samarbeid med Tysnes kommune, skriv Sunnhordland.