Vann enkelt
26/1/2009 09:33
Det var lite mål i starten av gårsdagens damekamp i hallen. Gjestane leia 1-2 etter kvarteret spel, mykje grunna to gode keeprar.
Men så vart det meir fres i tysnesingane. Dei varta opp med det eine flotte angrepet etter det andre, og omsette dei i scoringar og gjekk dermed til pause med 8-4 leiing.
Tysnes haldt fram med det gode spelet utover i 2.omgongen. Kontringane sat og gjestane vart overkøyrde der heimelaget leia med heile 11 mål til det stod att 8 minutt.
Då stoppa det litt opp for vertane og Knarvik knappa ned på leiinga til fem mål, før Tysnes igjen guffa på dei siste minutta og sikra siger 24-17 med ein god avslutning.
Damelaget ligg no på 4.plass i 7.divisjon.
– Silje Lunde, Silje Helland (3), Pernilla Epland (6), Agnete Flakke (1), Ingse Vevatne (4), Mia Havn, Isabel R. Vik (3), Linda Flornes, Marion Brungot (3), Margrete Høviskeland, Linn Bergesen (2), Ingvild Hauge (1), Hege Flornes (1).