Populær Tysnes-forfattar
3/2/2019 09:27
Ingelin Røssland fekk i juni i fjor tildelt heidersbevisninga «Ordknappen». No er ho ein av forfattarane som er komen på topp 100 lista til “Leser søker bok”.
100-lista 2019 er ei liste over dei 100 beste bøkene som er gitt ut dei tre siste åra. Lista tek for seg alle bøker både skjønnlitteratur, faktabøker og teikneseriar, og er delt inn i kategoriane born, ungdom og vaksne. “Leser søker bok” seier at dei bøkene som har fått plass på 100-lista er valgt ut på grunn av lesarvennligheit og litterær kvalitet. Dei har godt språk, og har fortellingar som engasjerer og trekkjer lesaren med seg, Det er også lagt vekt på at skrifttypen er tydeleg og lesbar, at oppsettet er ryddig og at det er luft mellom linjene. I tillegg har fleire av bøkene flotte og inspirerande illustrasjonar. Tanken bak lista er å gjere vegen frå lesar til riktig bok både kortare og enklare.
Røsslad si bok “Hevneren” ligg under kategorien ungdom og Grøss- og spenningsseriar. Boka vart gitt ut i 2018, og var ei av fem bøker som var nominert til Uprisen 2018.