Siger over Bjarg

Publisert av:
13/12/2008 21:33

I dagens siste kamp i Tysneshallen var det 7.divisjons oppgjeret mellom Tysnes og Bjarg som stod for tur. Tysnes-damene slo Bjarg 38-31.

Med andre ord mange mål i begge endar i dagens dyst.

– Me var gode framover og for masse på hæla bakover, kommenterer trenar Torbjørn Onarheim til Tysnesingen.

Med denne sigeren passerte Tysnes Bjarg på tabellen og dei raudkledde ligg på 4.plass. Fyllingen 3 leiar tabellen med 16 poeng – seks poeng føre Tysnes.