Publisert av: Dagfinn Sandvik
1/6/2018 11:54
Øving med naudetatane
Øver slik at me skal føle oss trygge!
På onsdag hadde dei 3 etatane frå brannvesenet, politi, lege og ambulansetjenesta øving ved Teknisk Etat sin utestasjon i Eredalen. Røde Kors var med som markørar. Der øvde dei på ulike scenario, slik som fall fra stilas og bilulykke. I tillegg vart det simulert skadar, som beinbrot, hjartestans og pasient med lav blodsirkulasjon, kor helsepersonell fekk øvd på fyrstehjelp.


Her sit passasjeren Rolf Røssland godt inneklemt i ein kollisjonsskada bil, og vert redda ut av brannvesenet.

Med litt sminke, klarte dei å få foten til Morten Storetvedt å likna eit beinbrot.

Foto: Morten Storetvedt