Nye sjansar!

Publisert av:
6/10/2017 12:07

Fyrstkomande laurdag og onsdag i neste veke inviterer Tysnes idrettslag til idrettsmerkeprøvar på banen ved Tysnes skule. Sjå kalenderen. 

I fjor møtte fleire nye fram og greidde krava. På Tysnes er det mange som for tida trenar, trimmar og held seg i god form. Det er fleire fine treningstilbod  i kommunen, noko som på alle måtar er positivt. Tysnes idrettslag oppfordrar og håpar at endå fleire vil ta utfordringa med idrettsmerket. Det er ikkje så «skummelt». Ta sjansen!