Tysnes barnevern-teneste søkjer fritidskontakt

Publisert av:
18/8/2017 08:04
Me har trong for fritidskontaktar til born i alderen 8-12-år som er allsidige, fleksible og engasjerte. Interessene til borna varierer, frå idrett, friluftsliv, bruk av data, fisking, osv.
 
Erfaring og personlege eigenskapar vil verta lagt vekt på. Det er ei føremon om søkjar har erfaring med born og unge, men det er ikkje eit krav.
Barneverntenesta tilbyr rettleiing til dei som tek oppdrag for barneverntenesta.
Søkjar må vera fylt 18 år, og ha førarkort klasse B.
Det må leggjast fram politiattest.
Oppdraget vert løna etter avtale.
Tilsetjingstilhøve: Oppdrag.
Arbeidstid: Etter avtale.
Kontakt: Barneverleiar Ingvild A. Hustad, tlf.91 91 02 17 eller e- post Ingvild.A.Hustad@tysnes.kommune.no eller Rolf Aarseth,
90 24 28 44 eller e-post Rolf.Aarseth@tysnes.kommune.no