Publisert av:
4/4/2017 06:50
Kystsoge vekene
Kystsogevekene går i år frå 12. august til 17. september. Opninga er lagt til Strusshamn på Askøy.
For dei som går svanger med eit potensielt arrangement er det no tid for å starta planlegginga. Ta gjerne kontakt med dagleg leiar for Kystsogevekene, Kjell Magnus Økland, for å drøfta idear.
Han minnar elles om at leveringsfristen for det som skal med i programheftet i år er 1. mai, medan fristen for å søka arrangementsstønad frå Kystsogevekene er 1. juni.
Kystsogevekene går føre seg i 22 kommunar frå Gulen i nord til Sveio i sør og du finn meir informasjon på www.kystsogevekene.no