Årets Nykommer til Tysnesfest

Publisert av:
29/1/2017 19:02

Det kunne vel ikkje vore eit betre tidspunkt å lansera ein artist til festivalen enn dagen etter ho vann Spellemann i kategorien «Årets Nykommer»

 

Det er nok å seie “Hurts so good” når ein skal beskrive Astrid S! Megahiten har herja spelelistene sidan den kom ut i mai 2016.  I juli er ho klar for Gjerstad Arena.

 

Astrid Smeplass vaks opp på den lille plassen Berkåk, med under 1000 innbyggjarar. Allerede som seksåring begynte ho å spele piano, og tidleg i tenåra skreiv ho sine første låter. Ho vart for alvor kjent for det norske musikkpublikummet då ho blei nummer fem i idol i 2013.

 

Laurdag 28. januar i år vann ho Spellemann i kategorien “Årets nykommer” samstundes som ho fekk Gramostipendet. Me gratulerer!

 

Ho hadde stor suksess med debutsingelen “2 AM”, som mellom anna vart Årets låt i P3 Urørt i 2015. Ho vart også Årets nykommer i same konkurranse.

 

I skrivande stund er signaturlåten “Hurts so good” strøyma over 110 millioner gonger på Spotify, og ho vant to priser under P3 Gull i 2015: årets nykommar og årets låt for «2 AM».