Frivillig prisen 2016 til Kirsten Nesse

Publisert av:
5/12/2016 17:03

Kirsten Nesse er vald som mottakar av prisen og dei som nominerte henne framhevar hennas innsats som frivillig m.a. med dette: For dei busette flyktningane på Tysnes som leksehjelp, matlagingshjelp og flyktningvenn. Som besøksvenn for dei eldre på Tysnes. Som deltakar i turgruppa, torsdagsklubben 

Ho er ei dame som stiller opp på ulike arenaer i samfunnet vårt , men har og gitt av sitt engagement under Afrikas himmel. Fleire opphald i Afrika som lærar og som medhjelpar for Frøydis Norbustad sitt arbeid. 

Når me i kyrkje og Bedehus treng hjelp til andaktar, klokkeringing, kyrkjetenararbeid i gudsteneste, ved bryllup og gravferd stiller ho så sant ho er heime. 

Stillferdig, trufast og nærverande i si teneste. 

Treng ho sjølv påfyll finn ho dette ofte i retreatbevegelsen saman med vener. 

Jannicke Epland m/familie og Merete Kristiansen var også nominert. 

Styret i Tysnes Frivilligsentralen, som er jury, gjev også stor ros til desse to som har gjort, og gjer, ein fantastisk innsats. 

Prisen vert delt ut torsdag 15. desember. Arrangementet vert i Tysnes Bedehus med start kl. 14.30. Det vert m.a. innslag med song frå Tysnes Barnekor. Arr er ope for alle som vil delta og er gratis.