Publisert av:
29/11/2016 15:44
Kjekt besøk
Då eg hadde naturfag med ei gruppe 3./4.klassingar i dag, så fekk me plutseleg eit kjekt besøk i nokre bjørketre på utsida av vindauga. Det var ei gruppe på 5-6 stjertmeis. Eg hadde ikkje visst kva for ein fugl dette var, om det ikkje var fordi eg akkurat hadde lese at desse utruleg vakre fuglande “invaderte” Noreg for tida. Den kan de lese om på NRK sine sider her.

Eg prøvde å få tatt nokre bilete, men dei var veldig vanskelege å få i fokus. Heile tida i bevegelse. I tillegg måtte eg fotografere gjennom glaset. Beklagar difor biletkvaliteten! Det er likevel ingen tvil om kva for ein fugl det var.
Mvh Audun Aarbakke, Onarheim skule