Juleopning i Lunde

Publisert av:
25/11/2016 18:28

Det heller fuktige og grå véret la ingen dempar på stemninga då det var juleopning på senteret i Lunde i kveld. Store og små hadde iført seg regnkle, og møtt fram i hopetall.

Lysa i juletrea vart tende og ei gruppe frå Tysnes Skulekorps lagde flott julestemning med julesongar.

I kafeen serveret den alltid smilande Jinda deilig varm gløgg og pepperkaker.

Og sist, men ikkje minst, kom han alle hadde venta så spent på: Julenissen.
Han hadde med seg ein sekk full av overraskelsar til dei mange frammøtte borna.