Litt historisk mimring

Publisert av:
11/11/2016 12:47

Sjølv om Norge var nøytralt, miste mange norske sjøfolk livet. “Hestmanden” som var i Bergen i fjor sommar er vel truleg det eksisterande skip som segla i både 1. og 2. verdskrigen .

Det var forresten Tysnesingar med i skyttergravene i Frankrike og.  Ola Humlevik og Hans Henriksen var reist til USA og blitt Amerikanske borgarar. Dei vart begge sendt til Frankrike då USA kom med i krigen. (Begge overlevde) Far min var i marinen på denne tida, og var stasjonert ombord på “Europas skrekk” Fregatten “Kong Sverre” i Horten. Dette var det siste “treskipet” i marinen, og var umoderne alt då det var ferdig, og vart teke ut av teneste same året det vart sett i teneste.(1894) Etterpå vart riggen teken ned, og dampmaskiner teken ut og  skipet vart brukt som eksesser og losjiskip.

Tore. A. Humlevik