Restaurering

Publisert av:
7/11/2016 21:17

Tysnes Kystlag starta i haust  kurs i reparasjon/restaurering av trebåt.

Kystlaget skal i løpet av vinteren reparere/restaurere lagets Gavlabåt.

Arbeidet pågår no i verkstaden på Sletteskogsjødn som kurs med støtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon. Kurset er basert på kvardagar ein dag pr. veke fram til Nyttår.

Når underteikna vitja dei ivrige karane på Sletteskogen hadde dei tatt av speilet og propell med aksling. Dei skal laga ny stilk (den som propellen går igjennom) og nytt speil. Gavlabåten blei laga i 1938 og det er fyrste gong speilet blir skifta.

Gunnar Onarheim er studieansvarlig, Oddvar Meland er initiativhaldar og kursansvarlig, og Egil Meland er lærar.

Tekst og foto: Rebekka Høgestøl