Publisert av:
6/11/2016 09:35
No kjem kulden
Klokka er stilt til vintertid, det er nattefrost, og dei som ikkje allereie har skifta dekk, bør vel gjere det no.
Frå i dag er det meldt iskaldt, det kan kome opp i tosifra kuldegrader om nettene.
Statsmetereolog Kristen Gislefoss fortel at ein i Bergensområdet vil få svært lave temperaturar, kanskje så mykje som opp mot 10 minusgrader om nettene. Måndag, tysdag og onsdag vert kalde dagar.
Slik prognosane er no får vi klårvér og lite vind, så om ein kler seg godt kan ein nyte fine dagar ute.