Møte i Skogeigarlaget
26/10/2016 20:06
Vi hadde besøk av nytilsett skogleiar Frode Kloster ( i vårt distrikt for samvirkeselskapet Vestskog) som orienterte om kontraktar for skogeigarane med Vestskog om uttak av tømmer ved maskinelt uttak tømmer. Det vart snakka om at pris for skogeigar bl.a. var avhengig av terrengforhold, vegstandard på skogsvegar og tilførande kommunale vegar. Ved vanskelege plassar kunne nettoen gå i null.
Etter Nina-stormen januar 2015 har det vore tatt ut veldig mykje meir tømmer i Tysnes enn tidlegare. Det er tydeleg at veldig mange skogeigarar har fått augene opp for uttak av tømmer via maskinell stordrift.
Fylkesskogmester Terje Natland orienterte om krav til drifta, omsyn til naturvern, opprydding og nyplanting etter skoguttak. Skoglova set bl.a krav om nyplanting i hogstområdene.
Det kom frå salen store spørsmål om nytten av dei pengar som storsamfunnet brukar til å fjerna Hemlock-skog etc. frå naturreservat på Ånuglo. Gerhard Alsaker understreka at planting av ny granskog i kommunen vil vera eit langt meir effektiv middel til CO2- binding enn andre CO2-tiltak som samfunnet investerer i.
Referent: Magne Hauge Skartveit