Søndagsope?
25/9/2016 11:05
Hausten er definitivt komen, og sommar-fenomenet med søndagsopne butikkar på Tysnes er over for denne gongen.
Vi har lurt på kva folk tenkjer om dette, og i «Di meining» stilt spørsmålet:
Straks slutt på søndagsopne butikkar, kva tenkjer du om det?
Vi fekk inn 699 stemmer denne gongen.
Dei som valde å avgje stemmer denne gongen har kanskje eit avslappa forhold til planlegging og struktur, for 34% (238 stemmer) meinte at det vert stress sidan dei må begynne å planlegge.
Like bak med 28% (195 stemmer), kom dei som er i mot søndagsopne butikkar og valde alternativet Flott, søndagsope er ein u-ting».
15% (105 stemmer) valde «Har dei hatt ope?» og like mange Tragisk, eg kjem til å svelta i hel
På delt sisteplass med begge 4% (28 stemmer) av stemmene, kom alternativa «Endelig ein dag fri.» og «Då rekk kredittkortet å kjøla seg ned før ny veka!»
Vi held oss innan temaet helge-“aktivitetar” når vi no legg ut neste “Di meining”.
For mange har fredagstacoen vorte ein fast tradisjon, korleis er det heime hos deg?