Tid for idrettsmerke- prøvar

Publisert av:
7/9/2016 06:52

Også denne hausten inviterer Tysnes IL til idrettsmerkeprøvar på idrettsbanen ved Tysnes skule. For tida er det mange som trenar godt ved Svingen Puls og treningssenteret i Uggdal.

Mange andre trimmar og trenar på fleire ulike måtar. Det er god fysisk aktivitet kring i bygdene. Difor ville det vera kjekt om mange av alle desse møter fram og prøver seg på krava til idrettsmerket.

I næraste framtid er det tre aktuelle datoar og tidspunkt for idrettsmerkeprøvane:

Laurdag 10/9 kl. 16.00, måndag 12/9 kl. 17.00 og tysdag 20/9 kl. 17.00.

Og skulle det ikkje høva desse dagane, blir det truleg høve seinare i haust. Kjekt om du kjem !