Publisert av:
20/8/2016 18:30
Open dag!
Tysnes Industri er 20 år og nyleg Iso-sertifisert. Leiinga og dei tilsette ynskjer no at flest mogleg skal få betre kjennskap til bedrifta.
Difor inviterer dei no til Open dag laurdag 27. august!
Kl. 12 – 14 er alle hjarteleg velkomne til ein opplevelsesrik dag i Eredalen.
Av aktivitetar tilbyr dei hoppeslott for dei minste, muligheit for å prøve elektrisk sykkel for dei over 14 år. -Og ikkje nok med det: Deltek du i spørjekonkurransen, er du med i trekkinga der hovudpremien er ein ny
el-sykkel!
Det vert høve til å sjå seg om på huset og få vete meir om den varierte produksjonen og attføringstilbodet.

