August Open Tysnes Pitch & Putt

Publisert av:
14/8/2016 16:05

Nok ei vellukka turnering arrangert av Tysnes Golfklubb er over.
Jan Åge Sande si tangering av banerekorden toppa ei resultatliste med mange gode scorar!

Dei beste brutto vart:
Nr.1: Jan Åge Sande, Kristornskogen GK, 50 slag.
Nr.2: Jens Flornes og Jan Vaage frå Tysnes GK og Geir Ove Rydningen frå Kristornskogen GK, alle med 56 slag.

Dei beste brutto, frå venstre: Geir Ove Rydningen, Jan Åge Sande og Jan Vaage. (Jens Flornes manglar).

Dei beste netto vart:
Nr.1: Jens Flornes, Tysnes GK, 44 slag
Nr.2: Arne Dalsgård, Tysnes GK, 48 slag
Nr.3: Jan Åge Sande, Kristornskogen GK, 50 slag

Dei beste netto, frå venstre: Jan Åge Sande, Jens Flornes og Arne Dalsgård.

Tysnes Golfklubb gratulerer og takkar alle for ein super golfdag !

Fullstendig resultatliste vert lagt ut på tysnesgolf.no.

“Ryder Cup”
I morgon 15.8, kl. 17.15 går fyrste runde i årets “Ryder Cup” Pitch & Putt på Dalen Golfbane.
Stord GK, Kristornskogen GK og Tysnes GK er med i cupen.

Tekst og foto: Tysnes Golfklubb.