Tysnes Sparebank utvidar forretnings-området sitt

Publisert av:
8/7/2016 20:29

Frisk satsing skal gi komplett tilbod
I ei pressemelding frå banksjef Dag Sandstå i dag, kjem det fram at banken satsar friskt vidare. No kjøper dei deler av Aktiv-kjeda sine kontor i Hordaland. Banken vert dermed komplett i sitt tilbod til kundane med alt frå bank, forsikring, sparing til eigedomsmekling.

Aktiv Eiendomsmegling veks i Hordaland
Aktiv-kontora i Bergen sentrum og på Lagunen vil vera samlokalisert med Tysnes Sparebank. Planen er at desse kontora i løpet av hausten vert forsterka med fleire nye tilsette. Det vil styrkja både Aktiv Eiendomsmegling og Tysnes Sparebank i lokalmarknaden, seier Sandstå i pressemeldinga.

Aktiv-kjeda har ambisjonar om å ha dei mest nøgde kundane i Noreg og vera blant dei største meklarkjedene målt i sal per år. 

Etablering i Sunnhordland
I avtalen mellom Tysnes Sparebank og Aktiv er det fastsett at Aktiv Eiendomsmegling skal etablere seg i Sunnhordland saman med Tysnes Sparebank sine kontor. Dette tilfører lokalsamfunna i Sunnhordland betre tilbod innan eigedomsmekling og styrkjer den sjølvstendige Tysnes Sparebank i regionen seier Sandstå.