Siste dag Tysnes Sparebank Cup 2016

Publisert av:
3/7/2016 16:32

Då var den 20. cupen ferdig. Turneringa har gått fint i år også seier ein nøgd Nils Eivind Hansen til Tysnesingen.no.

To klassar vart ferdig spelte i går. I klasse 3 vann Rosenknopp over Strekken City med 4-1 på straffekonkurranse.
I klasse 4 vann Fotballerinas over Gullfisken med 5-1 i finalen.

Første finalen i dag var i klasse 5, her vann Charlie Angels Rød 3-2 over Charlie Angels Gul.
I klasse 2 vann Kristoffer United 2-0 over Olsen Brothers.
Siste finalen var i klasse 1. Der vann Barn av Regnbuen over Noldus IL. 1. laget.


Charlies Angels Rød mot Charlie Angels Gul i finalen.


Stor glede hos Noldus 1. laget, etter siger på straffekonkurransen i semifinalen mot Pylseboden BK.


Sølv i klasse 1 til Noldus IL 1. laget.


Endre Vermedal har fullt fokus sekundet før han reddar straffen frå Superlaget.


Barn av regnbuen til finalen etter straffeseier mot Superlaget.


Kristoffer United vann 2-0 over Olsen Brothers og vann dermed klasse 2.

Frå finalen mellom Barn av regnbuen og Noldus IL 1. laget.

Aksel Lande set ballen i nota bak Marcus Dalland

Fantastisk anlegg som tolar vestlandsver!