Vestlands- meisterskapet

Publisert av:
25/4/2016 06:01

Då er Vestlandsmeisterskapet i Pitch & Putt vel i hamn trass utfordrande værtilhøve.
Svært vellukka arrangert av Tysnes Golfklubb med premiar gjevne av Byggeriet og med maks antal deltakarar som banen har plass til.

Me opplevde heile 3 stk ”hole in one”, 2 stk av Geir Ove Rydningen og 1 stk av Helge Liland. Geir Ove Rydningen tangerte også banerekorden i sisterunden med 50 slag. Imponerande !

Dei tre beste i meisterskapet, som gjekk over 36 hol, vart:

 

Nr. 1: Andreas Lande, Bryne GK, 104 slag

Nr. 2: Geir Ove Rydningen Kristornskogen GK, 106 slag

Nr. 3: Arne Strandenes, Kristornskogen GK, 107 slag

 

Fullstendig resultatliste vert lagt ut på tysnesgolf.no.

 

Tysnes Golfklubb takkar Byggeriet for fantastiske premiar og alle deltakarane for ein flott og minnerik golfdag !

 

 

Tekst og foto: Tysnes Golfklubb