Nytt artistslepp
15/3/2016 19:00
Tre musikalske godbitar og eit morosamt improteater!
Erik Slim Zahl & The Southwest Swingers, Arve Hålands Cajun Gumbo og Slogmåkane er alle klare for å gje deg musikalske godbitar på Tysnesfest.
Me får nok ein gang besøk av Borgating Impro som kjem allereie torsdagen og skal visa oss «heilt-på-sparken» teater i køar, på scenar og elles der ein kanskje minst skulle venta det, i tre dagar til ende.

Eric Slim Zahl & the South West Swingers
Kritikarroste og Spellemannspris-nominerte Eric Slim Zahl & the South West Swingers vidarefører dei flotte tradisjonane og musikken frå 50-talet – med sitt eige, rocka uttrykk.
Dressa opp i slips, bukseselar og blanke sko, spreier Eric Slim Zahl & The South West Swingers musikken sin med humor, musikalsk dyktighet og trøkk.
Bandet er kjent som et formidabelt liveband og har halde konsertar på dei fleste bluesfestivalane og –klubbane i Norge. Tidlegare har også Eric Slim Zahl & the South West Swingers turnert i England.
Eric Slim Zahl & the South West Swingers er i 2016 valt som Norge sin representant til International Blues Challenge som arrangerast i Memphis, Tennessee i USA. Dette er å rekna som eit «VM i blues», og bandet tar dette som ei anerkjenning og ei tillitserklæring frå eit samla blues-Norge.

Tysnesfest presenterer eit av Europas beste band i sjangeren Cajun- og Zydeco musikk. Arve Håland er ein ekte bandleder som skriv det meste av bandet sitt repertoar. Han spelar sjølv det spesielle 10 knappars, diatoniske Cajun trekkspelet og mandolin.
Arve sin musikk byggjer på tradisjonell cajun/zydeco frå dei Fransktalende distrikta rundt sumpane i Louisiana, men med personlege løysningar som gjer låtane særeigne. Han har vore på ei rekkje turar til Louisiana og har bl.a. spela på USA’s største Cajun festival ”Festival Acadiens et Creole” og delteke i fleire «live» TV og radio show.
Starten på musikk-karriera til Arve går tilbake til slutten av 60-talet, då han spela trekkspel i det legendariske bandet ”Hole in The Wall”. Han var også medlem av ”Cajun du Nord”, og har heile 30 plateinnspelingar bak seg. Håland starta «Arve Hålands Cajun Gumbo» i 1993 og bandet har etter kvart utvikla seg til å bli en festivalfavoritt, og spelar fast på mange av de største festivalane i Europa.

Sidan dei for fyrste gang opptredde i 2004, har Slogmåkane frå Karmøy utvikla seg og oppnådd eit sterkt og godt rykte som ei svært energisk gruppa innan Shanty og Celtisk musikk.
Dei vart verkeleg kjend i heile Norge då dei i 2015 tok ein svært imponerande 3. plass i underhaldningsprogrammet Norske Talenter på TV2.
Slogmåkane si formidlingsevne og innslag av humor gjer at dei slår an blant publikum i alle aldrar.
Borgarting Impro med Mikkel Niva i spissen reiser sommaren 2016 ut på sin 10årsjubileums-turné – og kva passar vel betre då enn at dei tek turen til Tysnesfest si 10 års feiring?
Me har hatt besøk av Borgating 3 gangar før, og me erfarer at deira frie og humoristiske improteater er eit perfekt krydder for festivalpublikummet. Tilbakemeldingane er strålande og publikum kjem igjen og igjen.
Borgarting Impro har i 10 år vore ein leiande aktør i Impro-Norge og fleire av skodespelarane deira er i dag å sjå i sentrale roller innan norsk kultur og underhaldningsliv. Den mest kjende er kanskje Mikkel Niva som dei siste åra har vært å sjå både på «Brille», «Torsdag Kveld fra Nydalen» og ikkje minst improprogrammet «Alt er lov».