Ingen ommøblerer

Publisert av:
19/2/2016 10:13

I “Di meining” har vi lodda stemninga, og lurt på kva aktivitet lesarane held på med i mørke vinterkveldar.

Det kom inn heile 1118 stemmer, og vi er ikkje i tvil om kva lesarane held på med!

-Dei ventar på sommaren!
Dette alternativet fekk heile 80% av dei innkomne stemmene.

Nokre kosar seg inne, 9% valde å gje stemme til alternativet “Heimekos”

3% av stemmene gjekk til “Turgåing” og 2% til “Isbading”.

Alternativa “Ski/ Skøyter” og “Fiske” fekk begge 1% kvar av stemmene.

Men…..INGEN ommøblerer!

 

På Tysnes er det svært mange ulike lag og organisasjonar, og dei fyrste månadane i året er tradisjonelt sett tida der det vert avhalde årsmøter med påfølgande val av styre.
-Og då lurer vi på korleis du stiller deg til dette?