Artistslepp
17/2/2016 19:00
Broiler
Broiler starta karriera si under navnet «DJ Broiler», og laga ei rekkje musikkvideoar som raskt vart «virale»
Dei lanserte i 2012 låten «Afterski» og den vart umiddelbart ein stor hit. I 2013 vart låta «Vannski» den raskast platinumselgande låta i Noregs historie. På dette tidspunktet var låtane på norsk, men i slutten av 2013 valgte duoen å skifta til engelsk på alle nye låtar, og den visuelle profilen vart og endra. Dei har no tatt steget opp blant dei store og seriøse DJ`ane.
Sommaren 2014 slo dei igjennom med sin første engelsspråklege hit «Rays Of Light». Broiler har over 100 millioner streams, og singelen «Wild Eyes» vert streama heile 1 million ganger pr. veke. Duoen er på full fart ut i Europa, og har allereie spelt på megafestivalen Tomorrowland i Belgia.
Broiler sitt show på Tysnesfest vert garantert ei spektakulær oppleving med fyrkverkeri, CO2 kanoner og heftig bass!
DJ Friendly
DJ Friendly kjem til Tysnesfest med deilige elektronika-tonar som tek deg til plassar du elles berre finn i draumeland.
Erik Eriksson (48) som han eigentleg heiter, har vore på programplakaten til NRK P3 med programmet sitt DJ Friendly i heile 18 år, men 9. januar i år hadde han si siste sending. Han fekk då sparken frå NRK, og på kort tid hadde Facebookgruppa «Let the DJ play, he is friendly» nærare 13 000 fylgjarar, og NRK vart bombardert med protestar. Til ingen nytte.
DJ Friendly har alltid vore først ute med det siste innan elektronisk danse- og avslapningsmusikk. Fanskaren har vakse seg stor i løpet av åra, og han er etter sin avgang i NRK blitt ein ettertrakta DJ på klubbscenar rundt i landet.
Han vart blant anna kåra til årets DJ under Radiodagane 2006, og i haustar stor respekt i miljøet.
Framleis, har han det med å liggja langt framføre dei fleste andre dj`s, og var den første til å spela namn som Røyksopp og Kygo lenge før dei fekk kommersiell suksess.