Tysnes Vassverk informerer.

Publisert av:
31/1/2016 14:37

Det eksisterer ein lekkasje på hovudlina i området ved Svevågen.

For å sikra at nivået med reint vatn held seg på eit forsvarleg nivå vert det difor utført trykkregulering på nettet. Enkelte kan difor merka lågt trykk no og medan lokalisering og feilsøking føregår på nettet. Me oppmodar alle om å tappa opp litt vatn i reserve i tilfelle stengning vert nødvendig utan varsel.

Vassverket orsakar ulempene dette medfører for medlemane.
Tysnes Vassverk innførte varsling via SMS for eit år sidan.

Me oppmodar at dei som ikkje har registrert seg for denne gratis tenesta gjer det på heimesida til Tysnes Vassverk.