Viktig informasjon i samband med uveret

Publisert av:
29/1/2016 10:21

Barnehagar:

Barnehage i Tysnes oppmoda foreldre til å henta borna så tidleg som mogleg pga. ekstremværvarslingane. Foreldre blir kontakta av barnehagane. Det vil sjølvsagt vera personale på jobb som tek hand om dei borna som ikkje har høve til å henga tidlegare. 

Skulane:

Skyss arbeider no med å få bussar på plass slik at dei kan bli kjørt heim tidlegare. Foreldra til elevar i barne- og mellomtrinnet blir kontakt med telefon frå skulen. Elevane i ungdomsskulen vert kontakta pr. sms.

Kommunikasjon:

Det er opplyst frå ferga mellom Halhjem og Våge at siste turen deira vert mest sannsynleg kr. 12.50 frå Halhjem. Vidare vert ferja innstilt resten av dagen. Det er usikkert når ferja Hodnanes – Jektevik – Huglo vært innstilt. Me oppmodar difor til å reise tildig heim frå skule og jobb.

Vegnettet Hodnanes – Nymark, fv49 Hodnanes – Våge – Lunde er prioriterte vegnett til ferdsel, og me oppmodar til å ikkje bruka vegen over Onarheimsfjellet og over Skaret.

I tilfellet straumbrot, vil sjukeheimen og rådhuset bli forsynt med straum.

 

Beredskap:

Viss det er personar du er særskilt bekymra for, ta kontakt med kommunen på nr: 906 81 589

 

Ta kontakt med legevakt på vanlige nummer 116117 om nødvendig. Viss ein ikkje får kontakt pr. telefon kan ein møta på rådhuset.

 

Bruk vanlige nødnummer om nødvendig

Brann 110

Politi 112

Ambulanse 113

Brann, Politi og Helse er i beredskap.

Beredskapsgruppa og kommunal kriseleiing er tilgjengelig på rådhuset

Ta kontakt med kommunen på telefonnummer 53 43 70 00

Viss ein ikkje får kontakt på nummeret, ta kontakt med ordførar på nummer 472 38 850 eller rådmann på nummer 970 46 500