Øving
31/12/2015 08:54
Brannsjef Trofinn Kongsvik fortel at det vert ei øving der ein gradvis brenn ned eit hus som skal rivast. Huset blir klargjort for dette i forkant, og nødvendige instanser blir varsla.
Dette er særs nyttige øvingar for brannvesenet, og det er mange læringspunkt i ei slik øving, seier brannsjefen.
Det heile starter i 8-tida på morgonen og vil forsette utover dagen.
Vegen vil i all hovedsak vere open for trafikk, men det er likevel mogleg den vert stengt i korte perioder.
– Me vil ta hensyn til gjeldande værforhold. Dersom det er ugunstig vindretning etc, vil øvinga avgrense seg til ei kald øving i denne omgang, dvs at me ikkje brenn huset ned, men øver med kald røyk.
Vidare oppmodar brannsjefen om at eventuelle tilskodarar følger brannvesenets anvisninger, og held nødvendig avstand.