Klart for ny Førjulsmesse.
17/11/2015 08:38
Komande fredag og laurdag er det klart for ny Førjulsmesse.
Mange har også dette året førebudd messa. No er varer, gevinstar og program klart. Førjulsmessa har alltid vore godt besøkt. Det vonar me også dette året seier Harald Heie til Tysnesingen.no. Han fortel vidare at det er Indremisjonen på Tysnes som er arrangør, men det er ein eigen komité som også dette året har førebudd messa.
-Føremålet med messa er sjølvsagt å samla inn pengar til arbeidet Indremisjonssamskipnaden (IMS) driv. Samstundes er det også viktig at messa har eit godt program for ulike aldersgrupper. Derfor har me med oss dagleg leiar i IMS, Marit Hårklau Ådnanes til å halda andakt.
Gode og varierte songkrefter er også med begge dagane. Alle skal såleis få med seg noko verdfullt heim, sjølv om dei ikkje vinn noko ved utloddningane.
Me ynskjer alle hjarteleg velkommen!