“Rålp og nauta-ràl”
16/11/2015 20:57
I samband med Julebord hos Laukhamar Fritid, laurdag 28. desember vil Jimmy Næs, frå Etne undehalda med: “Rålp og nauta-ràl” (eller: humor som trøystepinne)
Ein skal ikkje spøkja med humor, var det ein som sa…
Det er for alvorleg til det! Og kanskje er det slik at humor er viktig, og kan hjelpa oss i kvardagen.
Dette programmet presenterer ulike slag humor, som sarkasme, parodiar, morosame forteljingar og tørrvittige skildringar. Uskuldige vitsar og stubbar, og sjølvironi.
I tillegg vil det bli servert stubbar og dikt, til trøyst…
Jimmy Næs har sett tone til nokre av visene, og framfører eigne viser, som “Flògejakt i midtsommar-natt”. Han er trubadur, tekstforfattar, komponist og formidlar. Han er oppvaksen i Rosendal, der han var medlem i popgruppa “Sofus”.
Etter kvart -då han flytta til Bergen, og seinare til Etne -var det visesang som hadde fokus. Han har vore aktiv i revy-og kabarètlivet, og var frontfigur visegruppe og visekro lokalt i Etne/Ølen. Han har også vore nytta i Nrk sine lokale program.
Programmet er eit viseprogram, men det vil vera dikt/småstubbar med.
For påmelding, ta kontakt på tlf 99331168.