Nils Vermund Gjerstad intervjua nordmann som gjekk dødsmarsjen til Auschwitz

Publisert av:
20/10/2015 18:02

I siste utgåva av Vi Menn har frilansjournalisten frå Tysnes skrive sak (basert på to møter) om ein unik og spanande nordmann som sat som fange i fem av Hitlers dødsleire, m.a. Auschwitz, Majdanek og Sachsenhausen

Møttes i Sachsenhausen
I Vi Menn nr 43 (ute 19.oktober) er den sterke historia om snikkaren Alf Monrad Knudsen (92) frå Son. – Eg møtte Alf i samband med ei markering i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Seinare har eg intervjua han i heimen hans i Son. – Alf gjorde eit uutslettelig inntrykk på meg, og han verka som ein sjeldan fin personlegdom som verkeleg har sett menneskeheita på sitt aller mest grusomme. Utruleg nok bærer han ikkje nag til tyskarane, sjølv om han ikkje legg skjul på kva overgrep enkeltpersonar gjorde, som sadistiske SS-offiserar.

Teia om det i 35 år
Sjølv om Alf har vore gjennom noko av det verste i historia, snakka han ikkje om sine vonde røynder før i 1980. Han er nokså nøktern og han er den fyste til å sei at han ikkje er  nokon krigshelt. Noko han ikkje rakk å bli, ettersom han og kompisane ikkje kom lengre enn til Halden før dei vart arrestert. Derfrå handla det om å overleva i Det tredje rikets døds- og utryddingsleirar. Alf Knudsen er eit menneske ein kan læra mykje av. Hans lagnad viser at det og var tilfeldighetar i nazi-systemet.

Meir om Alf sin historie kan du lese i siste Vi Menn, som er i handelen denne veka.