Publisert av:
2/9/2015 06:28
Redda seg ut
Kl 03.56 melde politiet på Twitter om brann i ein bustad i Uggdal.
Operasjonsleiar ved Hordaland polititdistrikt fortel at dei som budde i huset kom seg ut og over til ein nabo der dei fekk meldt frå om brannen.
Melding om brannen kom inn klokka 03.56, og klokka 05.37 var arbeidet heilt avslutta på staden. Huset var overtent og er no heilt nedbrent.