Marknadsdag Laurdag

Publisert av:
11/7/2015 16:39

Det strøymde på med folk til marknadsdagen i Våge i dag. I området frå Rimien og heilt ut på kaien var det eit hav av ulike stands og boder med eit rikt utvalg.

Gledelig var det med lokale produkt frå Tysnes, som sueskinnsprodukt laga på gården til Jorunn og Per Økland og ost fra Mydal Gaard.

Mange nytta høvet og sikra seg eksotiske matprodukt på den internasjonale matmarknaden.

På Vil Vite standen ved Bok og Fritid var det ulike oppgåver som skulle løysast, og mange fekk bryna seg og verkeleg testa “dei små grå”.

Denne familien hadde klåre tankar om draumeplassen: både når det gjaldt hus, utsikt, nær sjø, skule og barnehage og mykje meir. På “Heima her. Tysnes” standen med den tydelege bodskapen: “Draumen om landet er nærmare enn du trur” hadde Ordførar Kjetil Hestad svaret klart: Tysnes har alt, flytt hit.

Ut på dagen kom regnet, men det la ikkje ein dempar på stemninga på Mandelhuset. Folk fekk regnponsjoane på og koste seg med godt drikke og nydeleg song av Inger Lise Hope.