Status dagen før dagen
7/7/2015 18:28
Bård Sværi ved Camp Tysnesfest fortel til Tysnesingen.no at dei i år har større pågang enn nokon sinne. Campen har motteke svært mange nettpåmeldingar, og det ser ut til at campen i år som i fjor, vert fullbooka. Det er allereie 100 bubilar og campingvogner som har sikra seg plass. Bård fortel at folk kjem stadig tidlegare, og at dei blir værande heile Tysnesfest.
I år er Camp Tysnesfest lokalisert i Grendatun. Campkontoret er større og tilbyr også frokost og matservering. Dessutan er kapasiteten på dusj og toalettanlegga er dobbla i høve til i fjor. Campen tok i fjor imot 1200 gjester og serverte frokost til 300 personar kvar dag!
Marthe G. Birkeland ved SvingenPuls kan opplysa at rundt 40 personar har meldt seg på til Ramnanuten Opp. Det er mogleg å melde seg på heilt fram til start, så ho reknar med at mange ser været an og melder seg på same dag. Om ein ikkje kjenner seg så sprek at ein vil springa Ramnanuten Opp, er det fullt mogleg å gå! Det vert underhaldning, musikk og felles oppvarming før start.
SvingenPuls arrangerer også barneløp tur retur SvingenPuls og Tysnes kyrkje. Her er det påmelding ved start, så det er bare å møte opp!
Maria Reiso ved Tysnesfestkontoret fortel om godt bilettsalg, og at salget av festivalpass ligg godt over fjoråret.
Til Tysnesfest Grand Prix løpet er det stabil påmelding med rundt 6 bilar, og i år har ein også fått påmelding frå nokre nye bilar, noko som er veldig kjekt.
Ein del har teke utfordringa og vil Ta Sjansen med kreative og forhåpentlegvis fartsfylte farkostar. 8 “båtar” er melde på, i tillegg til lokale heltar er det to bedrifter som stiller.
Mange har sikra seg ei ekstra god seng, for Hotell Bell Riva har berre få ledige rom.
I følge værvarselet på yr.no, ser det ut til å bli brukbart vær, så ein oppfordrar alle til å ta turen til Såto for nok ein fantastisk konsert! Tysnesfest vonar at minst 753 personar vil høyre Lars Vaular synga 753 meter over havet!