PRESSEMELDING

Publisert av:
2/7/2015 13:46

Tysnes Sparebank er den einaste frittståande lokalstyrte banken i regionen Sunnhordland, Hardanger og Os/Fusa. Banken har hovudkontor på Våge i Tysnes kommune og kontor på Husnes.  Fleire kontor er under planlegging. Banken er mellom dei bankane i Noreg som veks mest.

Rentereduksjon på innskot og utlån 

Tysnes Sparebank reduserer renta på utlån og innskot.  Etter at Noregs Bank reduserte renta har sparebanken på Tysnes vedteke å redusera renta også.

Rente-endringane for utlån og innskot vert for eksisterande kundar effektiv frå 1. september 2015. 

Tysnespakke-lånet – 1,75 % p.a. – landets beste rente?

Tysnespakke-lånet er kanskje det gunstigaste lånet ein kan få i Noreg.  For å oppnå denne renta må du flytta til Tysnes kommune.  Tysnespakken inneheld ei rekkje andre fordelar også – mellom anna halv pris på straum og breiband i 2 år.  

Banken ynskjer å kunna tilby kundar i regionen ei god rente kombinert med bankens personlege service.  Banken har medvind og kundetilgangen er svært god.  Kundar som ynskjer ein tilgjengeleg bank med evne til å finne smidige løysingar på ulike finansielle behov ser mot den frittståande lokale sparebanken der alle avgjersler vert teken lokalt.  

Dersom det er spørsmål i samband med pressemeldinga kan det rettast til banksjef Dag Sandstå på telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.