Publisert av:
24/6/2015 11:18
Allergi
Tysnesingen.no har spurt lesarane om dei har vore plaga med allergi.
Avstemminga har engasjert, og heile 756 stemmer kom inn.
Eit overveldande fleirtal 52% , 394 stemmer, meiner at dei berre er allergisk mot skatter og avgifter, fulle folk, nye påbod, regn og flått…
31%, 234 stemmer, har ingen allergiske plager og vil sei dei er heldig.
Medan 68 stemmer, 9%, er plaga med lett allergi og litt snufsing no og då.
8%, 60 stemmer, er sterkt ramma, dette øydelegg litt for ei elles fin tid for dei.
Sidan Tysnesfest er like rundt hjørnet, lurer me på kva planar du har då.