Mattilbod under Tysnesfest

Publisert av:
22/6/2015 11:55

Og under årets festival skal ein ikkje behøva å gå svolten. Tysnesfest har tilbod om mat og drikke omtrent kvar enn du snur deg. Me har med oss fantastiske frivillige som gjer ein kjempeinnsats med å servera deg mat og drikke om kveldane på Gjerstad arena, frukost i Bermudateltet og «heile døgeret» på festivalcampen.

Deli De Luca tar med seg «halve butikken» og vil servera typisk «Deli» mat som italiensk Calzone, Panini, pizzawrap osb. Deli De Luca held ope 24 timar i døgeret.

Internasjonal Matmarknad vil rigga til matbodar ved Spar og kan freista med ulike varer frå ei rekke land.

Skeie Gård kjem for å servera fanatiske hamburgarar frå eigne oksar. OXE burger er laga av kjøt frå Alvdalnes. Langtidsmørna – Heimelaga – Inga tilsetning.

Potetbakeriet stiller med vogner fulle av poteter, og er klare for å metta tomme magar. Dei vil og servera Dolly Dimples pizza ved Bermudateltet.

Mandelhuset vil tilby grillmat på baksida av bygget frå formiddag til seine natta. Restauranten er open med eigen Tysnesfestmeny. Sjå www.mandelhuset.no for meir informasjon.

Haaheim Gaard lagar til ein liten, men svært koseleg kafe utanfor Galleri Elisabeth G

Friele/Connecting stiller med eit lite utval av bakevarer og eit stort utval av kaffi inne på konsertområdet på Gjerstad.

Vitamin Well kjem til Våge med eit utvalg av vitamindrikker utan kolsyre, med ulike tilskot av vitaminar og urte- og fruktekstrakter. Her er eit godt og sunnare alternativ til brus, juice og andre drikker.

Kystlaget sine medlemmar stiller med kaffi, vaflar og lappar.

Torget smultring kjem for å servera smultring og kaffi.

Lille Ballong vil selgja snacks som popcorn og sukkerspinn.

Og sist men ikkje minst, har me eit utval av flotte dagligvarebutikkar rundt heile øya. Spar og Rimi i Våge, Joker Uggdal, Joker Flakkavåg, Joker Årbakka, Bunnpris i Lunde og Bruntveit Landhandel på Reksteren.