Eritreisk aften

Publisert av:
5/6/2015 19:22

Flyktnigekoordinator Steinar Rosset ynskte dei mange frammøtte velkomen til Eritreisk aften.
Han opna kvelden med å fotelje om dei ulike matrettane som vart servert. Eritrearane hadde starta med førebuingane til kveldens festmåltid allereie i åtte-tida om morgonen fortalde han. Det ligg mykje arbeid bak ein slik fest, og nokre av rettane tek lang tid å førebu.

Alle borda inne vart raskt fullsette, men snarrådige arrangørar sette kjapt opp mange bord ute.

Nokre av dei Eritrarane ynskte dei som sat ute velkomne.

Det vart servert ulike rettar, mellom anna ein rett kalla Injera Doro Wat. Retten består av ei slags “pannekake” saman med  kyllingbitar og hardkokte egg i ein krydra tomat saus. 

Maten falt i smak, og køen langs matbordet var lang. Det vart hektisk for dei som serverte. 

Folk koste seg i godt lag med fantastisk god mat ute i den strålande kveldssola.

Tigisti synte korleis ein kaffeseremoni i Eritrea foregår. Bønnene blir brente i ei panne før dei malast og kaffien vert trekt. Til kaffien vart det også severt kake.