Fire nye framstormande namn klare for Tysnesfest!

Publisert av:
9/4/2015 03:32

Fay Wildhagen, Hvitmalt Gjerde, Daniel Kvammen og ikkje minst D’Accord har alle til felles at dei er på full fart framover i musikk-karrieren sin. Dette er garantert namn ein kjem til å sjå mykje til i år!


Fay Wildhagen.

Om ein skal snakke om unge og lovande artistar her til lands, er det vanskeleg å komme utanom Fay Wildhagen. Ho, og det fabelaktige bandet hennar, har foreløpig bare gitt ut ein einaste singel, men «We Are» var til gjengjeld ein glitrande sak.

No jobbar ho, saman med produsent Bjarne Stensli (Harrys Gym/Sivert Høyem/120 Days), for å ferdigstille debutalbumet som er venta ute før sommaren. Også sommarens festivalplakatar er sterkt prega av Wildhagen, som til no er meldt klar for Øya, Slottsfjell, Træna og Vinjerock, for å nemne nokon.

Under årets By:Larm trakk bla. Gaffa.dk henne fram som festivalens største positive overrasking. For konserten sin fekk hun også en supersterk femmer i VG.


Hvitmalt Gjerde.

Uendelege mengde «feelgood» i kvart einaste riff, og eit band som er like kreativt som det er produktivt.

Alt kunne eigentleg gått gale for Hvitmalt Gjerde. Mengda hype dette bandet fekk lenge før debutalbumet såg dagens lys er sjeldan sunt for nokon, men da det sjølvtitulerte debutalbumet kom sommaren 2013 var all tvil for lengst feid vekk. Det viste seg at bergensk surfrock faktisk har ein naturleg plass i musikklandskapet.

Tida sidan den gong har langt frå stått stille. To bandmedlemmar er ute, og ein er komme inn. Den noverande trioen – Johannes Fjeldstad, Sturla Ulvenes Kverneng og Håvard Bakke – har via ein kombinasjon av Ocean Sound Studio på Giske og Abbey Road Studios i London fått på plass det andre albumet «Ville Venner». To Spelemanns-nominasjonar blei det på første forsøk, og det er bare eit spørsmål om tid før dette bandet tar med seg sin første heim.

Det er få band som kan  tileigne seg ein såpass særeigen sound som det Hvitmalt Gjerde har gjort – og det i veldig ung alder. Dei har allereie nokre riff på samvitet som har skreve seg rett inn i norsk rockehistorie, og dei får det til å høyrast ut som det enklaste i hele verda. Og då har me ikkje ein gong nemnt korleis denne gjengen er på scenen, for det er absolutt noko alle bør få med seg.


Daniel Kvammen 

26 år gamle Daniel Kvammen vaks opp på Geilo, ein tettstad med 2363 innbyggjarar, som er mest kjend for årlige innrykk av skituristar og det faktum at togstasjonen markerer at man er omtrent midtveis på Bergensbanen.

Med debutplata ”Fremad i alle retninga” viser Kvammen at hverken alder eller heimstad treng å vere ei hindring når man skal settja til verks for å laga ei imponerande heilstøypt og emosjonelt lada debutalbum. Førstesingelen ”Du fortenar ein som meg” satt tonen med like delar ungdommelig driv og bråmodent tekstinnhold, og vart A-lista på NRK P3. 

Singelen ”Daue fugla” vart B-lista på NRK P1. Albumet har fått strålande mottagelse, med terningkast 5 frå blant anna Aftenposten, Dagsavisen, Adresseavisen, NRK P3 og Dagbladet.

«Live» vekslar Daniel Kvammen mellom å vere eit feststemt fyrverkeri og det lavmælte og intense, noko han har vist til gangs på Noregs største festivalar og spelestader gjennom 2014 og 2015.


D’Accord.

D’Accord er eit rockeband som nyttar ein sjanger som er sterkt påverka av 70 talet sin melodiøse progrock. I mars 2014 lanserte dei si tredje plate. D’Accord “III” har hausta supergode kritikkar i både  inn- og utland. Også tidlegare utgjevingar har fått gode omtalar. På scenen styrer frontfigur Daniel Måge showet. Konsertane får strålende mottakingar. 

D’accord er eit klassisk rockeband som spelar med presisjon og innleving. Repertoaret, som er skrevet av Daniel Måge, er nytt og levende, men med solide røter i 70 talls – rocken. På scenen er dei ruvande, og dei storslåtte songane og arrangementa fyller salen til brestepunktet. Variasjon i låtar og arrangement gjer ein rik og fullstendig konsertoppleving.