Tur til Salsborg, 409 moh
4/4/2015 14:29
Langfredag var det tillyst tur til Salsborg.
Dei aller fleste starta frå plassen som Grim Sveinung Skjellevik har rydda ved stigen opp frå austsida, men Magnus Økland hadde gått opp frå vestsida.
Ved stoppet på Ytre Setre talde eg til 40 frammøtte, men fleire kom etter kvart.
I det strålande veret var det ein fryd å traska langs dei nyrydda stigane. Litt blautt var det på myrområda, men den frykta kalde vinden på toppen var der ikkje.
På turen var det to felles stopp der Olav Skjellevik fortalde frå soga til desse stadene. Første stopp var ved Kvilene i Setrebrekko. På denne staden kvilte budeiene på turen til Ytre Setre der dei hadde kyrne om sommaren. Det er frå gammalt laga til sitjeplasser for budeiene etter kva gard dei høyrde til. Og kvild trong dei nok, for dei gjekk opp før å mjølka to gonger for dagen, og mjølka bar dei ned att. I tillegg var dei med på høyingsarbeidet på gardane.
Den nye ausa heng på skiltet. “Brunnen” er litt nedfor til høgre. Like ved Kvilene er det ein minibrunn på om lag 15 x 15 cm med ei steinhelle til lòk. Her er friskt vatn endåtil på dei turraste somrar. Frå gammalt av låg det ei ause til å drikka av under ein stor stein like ved. Men ausa vart borte, så Olav kjøpte ei ny.
Olav fortel ved Kvilene. Andre stopp var ved restane av den gamle stølshytta på Ytre Setre. Her kunne budeiene overnatta. I slutten av 2. verdskrigen budde to motstandsfork, Per Jorem og Øyvind Skåtun, ei kort tid her. Dei var ute på eit hemmeleg oppdrag og raporterte til England om skipstrafikken langs kyten. Men den mest dramatisk hendinga var ein kveld dei høyrde stemmer utfor hytta. Dei var begge klare med fingen på avrekkjaren, men til all lukke prøvde ingen å opna hyttedøra.
(Her kan du lesa meir om kva som hende med desse to før dei kom til Tysnes: www.austevollforlag.no ) 
Panoramabilete av turfolka på Ytre Setre. På toppen vart det samling for fotografering. Nokre hadde då alt starta nedturen, men andre hadde enno ikkje nådd toppen.
Nokre av tilhøyrarane på Ytre Setre.
Tekst og foto:Harald Skorpen