Ta tjangs’n under Tysnesfest!
26/3/2015 08:41
Ta sjansen var som mange hugsar ein svært populær sommaraktivitet som føregjekk i Besserudtjernet, Holmenkollen, der det var om å gjera å konstruera ein fantasifull farkost/båt som skulle finna raskaste vegen frå rampa og ut til staken for å ringja i bjølla. Dette var eit kjempeshow som vart vist på fjernsyn til glede og spaning for mange.
Tysnesfest Ta tjangs’n-rampa er klar. Du, eller bedrifta di, er herved utfordra til å delta.
Finn fram kreativiteten og lag deg ein spanande farkost som kan gje deg og publikum ein kjempehending under Tysnesfest 2015.
Ta tjangs’n kjem til å føregå ved Våge kai laurdag 11. juli.
Påmelding og reglar her.
Ta tjangs’n reglar for deltaking:
Skal Ta tjangs’n kunne bli gjennomførd innafor naudsynte organisatoriske og trygge rammer, er arrangør heilt avhengig av at deltakarane i Ta tjangs’n held seg innafor fylgjande reglar for deltaking:
1. Tidtaking startar i det farkosten blir sleppt frå toppen av rampa og blir avsluttar i det deltakar ringjer i bjølla som er fastmontert på ei bøye i sjø.
2. Farkosten: TEKNISKE KRAV
– Farkosten skal vera satt i stand av deltakarane, eller andre som er tilknytt deltakarane.
– Farkost mål
lengd; maks 2,30 meter
breidde; maks 1,50 meter
vekt; maks 80 kg.
NB farkosten må vera rett/flat akter for ikkje å hekta seg fast i sklia
– Farkosten skal vera utan nokon form for motor (dette gjeld også oppsamla energi på trykktankar eller anna form for oppsamla mekanisk energi) i det føremål å auka framdrifta på farkosten. Alle farkostar skal ha eit feste til karabinkrok godt synleg.
-Farkosten skal halda seg flytande. – Farkosten skal være sikker. Husk at farkosten blir utsatt for stor kraft i det den treff vatnet (Isopor er ikkje ok. Det blir millionar av isoporbitar å plukka opp frå sjø).
4. Deltakarar:
– Maksimum 2 personar i kvar farkost.
– Alle deltakarar skal nytta hjelm – Alle deltakarar skal nytta flytevest eller annan form for godkjend flyteplagg
5. All deltaking i Ta tjangs’n skjer på eige ansvar. Erklæring skal underskrivast
6. Det er ikkje lov til å reise seg før farkosten treff vatnet
7. Ved mistanke om alkoholinntak blir deltakar nekta å delta
8. Arrangør stiller med dykkarar og hjelpemannskap som til ein kvar tid er klar til å assistera deltakarane som treng livredning eller annan hjelp i vatnet.
9. Farkosten skal bli inspisert og bli godkjend av arrangement sikkerhetsansvarlig personell før start.
10. Arrangør føreheld seg retten til å nekta farkostar å starta dersom overnemnde regler ikkje er overhalden.
11. Påmeldingsfrist 1. juli 2015 på tysnesfest.no
12. Premiering:
• Raskaste båt: – Beste tid, frå farkosten blir sleppt i rampa til fyrste deltakar når fram til bjølla.
• Fiaskopris: – til den farkosten som syt for den største fiaskoen.
