Stor interesse for å investere i banken
25/3/2015 17:23
Meir enn 200 personar og bedrifter lokalt teikna om lag for 43 millionar kroner.
– Dette er langt over det som var venta og det viser at det er mange som har tru på den lokale frittståande sparebanken på Tysnes, fortel Dag Sandstå.
Banken opnar sitt første kontor utenfor Tysnes i april – og fleire kontor er under vurdering.
For å kunna ta i mot fleire nye kundar måtte banken auka eigenkapitalen.
Denne suksessen styrkjer banken sine vekstmogelegheiter og tryggjer dei lokale arbeidsplassane.
Banksjef Dag Sandstå kunne i dag stolt legge fram denne pressemeldinga:
Suksess for Tysnes Sparebank – over 200 kjøpte eigenkapitalbevis.
Då fristen for å tegne eigenkapitalbevis i Tysnes Sparebank stengte fredag 20. mars kl. 15.00 var det kome inn over 200 teikningsblankettar. Den minste teikninga var på kr. 10.500 og den største på over 7 mill. kr. Totalt vart det teikna for ca. 43 mill. kr. medan banken hadde sett ei grense ved 36,75 mill. kr. Banken er overvelda over den store interessa det er for Tysnes Sparebank. På grunn av overteikning vil ikkje alle få det dei hadde ynskje om. Alle som har teikna seg for beløp under kr. 300.000 får fullt ut det dei har teikna for.
Mesteparten kjem frå Sunnhordlands-regionen
Godt over halvparten av teiknarane kom i frå Sunnhordlands-regionen. Det er svært gledeleg at private og verksemder lokalt har tru på den siste frittståande sparebanken i vår region. Personar og verksemder i Tysnes kommune er naturlegvis godt representert tett fylgd av Kvinnherad og Stord.
Grunnlaget for regional vekst er lagt
Tysnes Sparebank har som mål å vera den frittståande lokale sparebanken i regionen. Med den nye kapitalen kan banken om lag doble sin størrelse målt i forvaltningskapital. Det betyr banken har rom for mange nye kundar i tida som kjem. Satsinga i Kvinnherad er i gang saman med eit samarbeid med Aktiv Eiendomsmegling AS i Laguneparken i Bergen som så langt har gjeve gode resultat.
Nye kontor vert vurdert
Tysnes Sparebank ynskjer å vera ein lokal bank som er nær kunden. Kunden skal bli møtt av medarbeidar som er kjende lokalt og som også kjenner kunden. Der andre bankar legg ned kontor vurderer vår bank å etablera lokale møteplassar. Tysnes Sparebank skal vera ein verdiskapande bank for lokalsamfunna i regionen, vera ein engasjert og tilgjengeleg bank.
Sikrar arbeidsplassar og framtida som sjølvstendig bank
Kapitalutvidinga gjer at banken kan auke aktiviteten og at mange nye kundar no kan velja Tysnes Sparebank som sin bankforbindelse. Dette er også med på å tryggja arbeidsplassane på Tysnes samstundes som det skaper nye arbeidsplassar rundt om i regionen Sunnhordland, Hardanger og Os-/Fusa-området.
«Vi er audmjuke og stolte over den store tilliten som er vist oss»
uttaler banksjef Dag Sandstå.